lørdag 5. september 2009

På plass i Arusha

Synnøve og Synnøve har då fått sjekka inn på Gjesthuset her på Scripture Mission i Arusha, trur me skal få nåken gode veker her. Og, viss me søve lika godt kvar natt, som me gjorde den første natta, kjeme me til å vera godt utkvilte til me skal til barneheimen i Nairobi.
Afrika, i dette tilfellet Kenya og Tanzania, er flott!
Utrulig mange inntrykk og nye opplevingar. Berre det å landa på flyplassen i Nairobi er noko utanom det vanlige. Det er mest som ein ventar at giraffar og løver skal springa om kapp med flyet når det landar. Fekk ikkje sett det denne gongen, men såg både struts og sebra på bussturen på veg til Arusha i Tanzania.
Ein slik busstur er noko alle burde opplevd.... Vil ikkje anbefala å gjera det etter å ha tatt nattfly først. Det å vera stuptrøtt for så å sitja på ein minibuss utan aircondition på humpete grusvegar i 6 timar, kan vera ein prøvelse. Vegarbeid er visst ikkje det som har høgast prioritet. Og når regntida her har vore mest utan nedbør er det ganske så tørt. Me såg ikkje ein einaste bekk heile veien frå Nairobi til Arusha, berre masse skyer av støv! Kanskje me ikkje skal klaga så veldig på regnet der heima i Norge....
Me kom fram til slutt, og vel framme i Arusha vart med tekne godt i mot av Fam.Indrebø! Enormt kjekt å sjå dei igjen! Nå har me feira Tomas og Andreas sine 1årsdagar i 2 dagar i strekk! :) Herlege krabatar, og Synnøve og Tante Synnøve er jammen glade for at me skal få vera her å leika/passa dei + storesyster Hanna i ein heil månad! Hurra! Fam. Malmin bur og her på tomta, og me gler oss til å verta betre kjent med dei, og få vera ein del av livet her på Scripture Mission ei lita stund!

2 kommentarer:

  1. Så flott de har det. Må kosa dokke masse ilag med fam indrebø. Nyt dagane.

    SvarSlett
  2. Kommentaren var frå mor steinbru.

    SvarSlett