tirsdag 10. november 2009

Kva vert pengene brukt på?







Heilt sidan me starta på barneheimen har me ønska å kunne hjelpa til med å gjera arbeidsdagen på barneheimen enklare, slik at både vaksne og ungar blir meir fornøgde. Det er mange ting som kan gjera ein dag betre. For eksempel har me kjøpt inn papirbleier. Ungane på barneheimen nyt å ha papirbleier på seg. (og dei vaksne er glade for å sleppa tøybleier ei stund!)
Ein pakke bleier kostar ca 80 NOK.
Me har dessuten kjøpt inn mange nye tøybleier, som nok kjem skikkeleg i bruk når me reiser.
Alle ungane som kan gå har fått seg sandalar, slik at dei slepp å springa berføtt. Dei eldste av babyane har og fått seg sko.
Ein gong i veka tek me dei eldste ungane ut på tur, feks giraffpark, leikeland osv. På desse turane spanderer me mat på ungane og dei vaksne som er med. Det er fantastiske turar!
Me ynskjer og å setja pris på dei vaksne som arbeider på barneheimen. Difor lagar me ein pose til kvar arbeidar, der dei mellom anna får seg eit par nye sko, litt mjøl, sukker og andre småting. Dessutan har me kjøpt pizza til dei, slik at dei får smaka litt anna enn ris og grønnsaker eller ugali til lunch...
Ellers handlar me inn litt småting etterkvart som me ser det trengs. Såpe, q-tips, håndkle, vaskeklutar, sokkar, truser, koppar og tutteflasker for å nemna nokre av tinga.
Den første veka me var her gav me ca 35 000,- NOK i cash slik at arbeiderane kunne få lønn og barneheimen kunne betale litt rekningar.
De der heime skulle ha sett kor glade og takknemlege store og små er for alt me kjem med! Enormt kjekt å sjå den gleda!

2 kommentarer:

  1. Flott. Det må være kjekt å sjå kor mye kronene kan brukes til når de som får har lite fra før. Lykke til. Dokk e heldige. Klem Grødem.

    SvarSlett
  2. Så kjekt å lesa og sjå bilete. Dette er så flott. Syns det er så bra at de ser dei vaksne som arb der, så bra at dei og får litt.
    Snart er det advent og jul, og me lurer på ka me ska kjøpa til kvarandre til jul......

    Klem frå mor.

    SvarSlett