mandag 23. november 2009

Det nerme seg slutten....

Tida går altfor fort. Plutseleg har me berre 3 arbeidsdagar igjen på barneheimen. Det har vore nokre travle, men herlege veker... Og det vert nok litt fælt å reisa vekk frå alle dei me har blitt så glade i, og som har blitt glade i oss! Dei som kjenner oss godt kan vel utan problem sjå for seg at det kan bli ein tårevåt siste dag...


Sist veke starta me å levera ut "skoposane" me har laga! Stormande jubel hjå alle arbeidarane! :) Kjekt å sjå slik ein glede for eit par sko! Ein av pastorane på barneheimen sa at han hadde arbeidd i over 20 år i organisasjonen som driv barneheimen, men aldri før hadde han følt seg så velsigna! Jammen på tide å få eit takk for eit flott arbeid! :)
På tavla på barneheimen står det ei takkehelsing frå arbeidarane.... "The staff of H.H.B.H r very happy of the gift from u! Asante!" :)

1 kommentar:

  1. For nokon opplevelser. Høyres fantastisk ut. Nå må de nyta dei siste dagane, kos masse med ungane. Og så skal de vel tilbake til dei før de reiser til Norge att. Gleder meg til å sjå meir bilete når de kjem heim. Klem frå mor

    SvarSlett